fbpx

Slik skapte radarparet 100 IT-arbeidsplassar!

Torhill Gysland Falnes og Torill Aase jobbar for mangfald i bedrifta. Men det er framleis få kvinnelege programmerarar.

Torill Aase (70) og Torhill Gysland Falnes (57) jobba som konsulenter da dei fikk ideen som gjorde dei til IT-gründera. I starten var dei åtte ansatte og sikra seg knapt ein kunde i kvartalet. I dag har dei 400 kunder i 47 land, inkludert Equinor og millionomsetning.

– Torill har vore opptatt av ein skulle legga vekt på h-en i namnet mitt, slik at ho sjølv ikkje skulle bli kalla for gamle-Torill, seier Torhill Gysland Falnes, dagleg leiar i Eye-share, lattermildt idet ho og Torill Aase presenterer seg.

«Torill-utan-h» Aase kjem i treningstights og tilhøyrande treningsjakke med Eye-share-logoen på. Sidan 1. mai har 70-åringen vore pensjonist, og no disponerer ho dagane som ho sjølv vil.

Som 50-åring var ho med på å starta Eye-share, ei IT-bedrift som i dag har rundt 100 tilsette på hovudkontoret på Forus utanfor Stavanger, og dessutan eit «distriktskontor» for kundekontakt i Oslo.

18 av dei tilsette kom til Eye-share i fjor, og i år er ytterlegare 12 rekrutterte inn. Dei fleste av dei tilsette er programmerarar som utviklar programvare, ei yrkesgruppe det er kamp om i arbeidsmarknaden.

I fjor sette Eye-share omsettingsrekord med 132 millionar kroner, opp frå 107,8 millionar i 2019.

– I år trur eg me klarer 145 millionar kroner, seier Falnes.

Kvinner i mannsdominert bransje

IT-bransjen er mannsdominert i dag, og var det i endå større grad då Aase gjorde seg til IT-gründer.

– Ein gong eg var på diskotek, var det ein som sa til meg at EDB passa godt om ein var glad i logikk og matematikk, seier Aase, som har interessa for desse disiplinane til felles med Falnes.

Endå meir interessert blei Aase i IT-studiet, eller EDB som det den gong heitte, då ho fann ut kor mange gutar det var der. Nærare bestemt 98 av 100 studentar. Dermed bestemte ho seg og studerte seg inn i ein bransje som skulle koma til å veksa seg større og større.

IT-vekst
Atle Blomgren, seniorforskar ved Norce, understrekar at det er ei krevjande øving å finna tal på kor mange fleire IT-tilsette det er blitt i Stavanger-regionen, då ein god del av dei vil vera registrerte i andre kategoriar. Men basert på dei stillingskategoriane han kan søka opp, finn han at IT-næringa i Rogaland har vekse med 36 prosent sidan 2016. Den gong låg talet rett over 4000, mens det no nærmar seg 6000. I same periode har talet på andre tilsette i fylket berre stige med 6 prosent.

Interesseorganisasjonen IKT Norge fortel at talet på sysselsette med formell IKT-utdanning her til lands auka med om lag 40 prosent i perioden 2009 til 2019, opp til 56.000 personar. Talet er henta frå ein rapport laga av Samfunnsøkonomisk analyse, bestilt av blant anna IKT Norge. Dei ventar også vidare vekst i behovet for denne typen kompetanse.

Papirfaktura og skannar
Både Aase og Falnes, som også har IT-bakgrunn, jobba ei tid som konsulentar fram til dei fekk ideen som gjorde dei til gründerar.

Blant papirfakturaar som blei liggande på kontorpultar, og som blei sende rundt ved hjelp av skannarar, såg dei eit behov for å digitalisera prosessen slik at fakturaane raskt kunne bli tilgjengelege for dei rette folka via ein datamaskin. Ein kjapp, digital signatur på fakturaen var inga sjølvfølge på slutten av 90-talet.

Løysinga på denne utfordringa, var starten på Eye-share, som blei etablert 1. januar 2001. I 2005 blei Falnes tilsett som dagleg leiar. Bedrifta hadde då åtte tilsette, og sikra seg knapt ein kunde i kvartalet.

Falnes og Aase reiste land og strand rundt for å skaffa nye kontraktar.

– Eg trur kundane fekk tillit til oss fordi me var to godt vaksne damer. Alle konkurrentane var menn, seier Aase.

Og ettersom åra gjekk, blei kundane fleire og større. Equinor er blant dei verkeleg store på kundelista. No har Eye-share over 400 kundar i 47 land.

– 17–18 prosent av omsettinga vår er internasjonal. Me er veldig sterke i shippingbransjen. Eg trur oljebransjen har gjort at «quality from Norway» er ein bra ting ute i verda, seier Falnes.

Driv som om me eig det
Resultatet før skatt blei i 2020 26,3 millionar kroner. Når resultata er så gode, er det alltid kjekt å vera eigar.

– Me eig dessverre ingenting sjølv. Men me driv det som om me eig det. Motivasjonen min er å skapa noko og å vinna, seier Falnes, som er stolt over å ha vore med på å skapa 100 arbeidsplassar.

Då Eye-share blei starta var dei fulleigde av eit selskap som seinare blei ein del av TietoEVRY.

– Eg trur det er lettare å få tilgang på pengar frå investorar no enn det var før, seier Falnes.

Sjølv møtte dei tidleg krav frå eigaren om at dei måtte tena pengar, noko selskapet gjorde frå 2004.

– Det er sunt å vita at ein ikkje kan leva lenge som bedrift utan å tena pengar. Ser ein på børsen no, så er det selskap som går mange år utan å gjera det, seier Falnes.

Dei to er samstemte når dei svarer på kva deira beste tips til gründerar er: Finn ein god idé, og ikkje gje opp.

– Ein må ha vilja, engasjementet og staheita til å takla motgang, seier Falnes.

Aase har fleire gongar ymta frampå om det kanskje var på tide å bli pensjonist. Men Falnes har fram til no klart å snakka ho frå det.

– Alder er eit tal. Interessa for IT og dippeduttar har ho framleis. Med den energien som ho har, er det ikkje vanskeleg å jobba til ein er 70. Det håper eg at eg også kjem til å ha, seier 57-årige Falnes.

Kilde: Stavanger Aftenblad 28. september 2021 | Tekst: Kristine M. Stensland | Foto: Pål Christensen

Del på: